Har du noko som du treng å varsla om?


 

Å varsla er å sei frå om kritikkverdige forhold, slik at dette kan gjerast noko med. Du kan seia frå både skriftleg og munnleg. Når du har sendt inn, varsel vil du få eit svar i løpet av åtte dagar.

Den norske kyrkja skal vera ein god stad å vera for alle. Kyrkja skal vera ein trygg og open arbeidsplass. Både tilsette og frivillige i kyrkja har rett til å varsla om kritikkverdige forhold. Målet med å varsla er å seia frå. Då kan dei ansvarlege gjere noko med det som har skjedd, og hindra at det skjer igjen. 

Om du synest det er vanskeleg å seia frå sjølv, kan du gjerne be nokon du stoler på om å hjelpa deg. Er du tilsett, kan du òg snakka med tillitsvald eller verneombod.

Alle kan varsla, både tilsette, frivillige og dei som deltek. Arbeidsmiljølova omfattar deg som utfører arbeid for Den norske kyrkja, anten du er tilsett, lærling, i praksis eller frivillig.

Om du ikkje har eit arbeidsforhold til kyrkja, men for eksempel deltek på eit arrangement, er du oppfordra til å varsla om kritikkverdige forhold.

Du kan varsla ved å trykke på ei av lenkene under. Er du medarbeidar, må du velja arbeidsgjevar før du kjem til ei side som heiter Mittvarsel. Der legg du inn varselet digitalt. Du kan velje om du vil fortelje varselet munnleg, eller om du vil skrive det ned.

 

 

 

Kva seier lovverket om varsling?

Kritikkverdige forhold kan vere:

Lovbrot
Seksuell trakassering
Mobbing
Rasisme
Diskriminering
Økonomisk utroskap
Arbeidsmiljølova omfatter deg som utfører arbeid for Den norske kyrkja, som tilsett, i praksis eller som frivillig. Som ekstern person, til eksempel deltakar i dåp, vigsel eller i aktivitetar, har du og rett til å varsle. 

 

Kva skjer etter eg har varsla?

Du kan vere trygg på at saka di blir handsama raskt og på ein trygg måte. Etter at du har sendt inn eit varsel digitalt vil følgjande skje: 

Når du varsler digitalt via MittVarsel.no vil du få ein kvittering når varsel er sendt inn. Her ser du ditt brukernamn og passord, som du kan logge inn med seinare.
Innan 8 dagar vil du få svar frå oss om at ditt varsel er motteke og vil bli handsama.
I mange tilfelle vil sakshandsamar ha behov for meir informasjon frå deg, og når du logger deg inn i portalen kan du sjå om det er kome spørsmål til deg.
Det er viktig å beskytte alle som er involverte i ei varslingsak. Du vil få melding når saka vert avslutta, men du får ikkje innsyn i sjølve sakshandsaminga.