Givarteneste


Bilete av ein fakturaVil du ha ei levande og aktiv kyrkje på Undheim?

Me treng di deltaking for å få dette til. Overføringar me får utanfrå er ikkje nok til å finansiera det arbeidet me driv i dag.

Frå 31.03.2023 hadde ikkje Undheim sokneråd lenger avtale med bispedømmekontoret om å finansiera 50% av ein 100% prestestilling. Frå 31.03. vil givartenesta gå til å dekka soknerådet sine utgifter, trusopplæring og ungdomsarbeid i soknet.

Fast givarteneste er den beste måten å støtta arbeidet vårt på økonomisk. Det er forutsigbart for kyrkja, enkelt for deg som vil gi, og du får skattefritak for gåver du har gitt. Du setter opp eit fast trekk i banken til givarkontoen i kyrkja: 3325.21.55657. Skriv gjerne «Gåve frå NAMNET DITT» i merknadsfeltet.

 

Nåverande status

Det er om lag 33 faste givarar, og det kjem inn i snitt ca 31900 kroner i månaden (snitt i 2022).

 

Inntekter fast givarteneste

Månad

2023

2022

2021

2020

Januar 22650 27100 28100 21800
Februar 21650 25600 28100 21800
Mars 24650 28100 31700 24800
April 21150 25600 27500 23300
Mai 23150 26100 28100 22800
Juni   30100 32600 28700
Juli   25350 28600 27000
August   23850 27600 26000
September   25850 30100 39000
Oktober   62650 67600 28250
November   48150 51100 88850
Desember   34350 37100 44500
Sum   382800 418200 396800