Barnebibel og 4-års klubb


 

Her er det mange  spennande forteljingar og flotte bilete å sjå på. Velkommen til familiegudsteneste der 4-åringane får vere i fokus. Her får de høyre ei forteljing frå barnebibelen og 4-åringane får komme fram og ta i mot kvar sin bibel. På gudstenesta vil de og få sjå og høyre om andre tilbod barna kan få vere med på i kyrkjelyden.

Me håpar de vil bruke barnebibelen i heimen i etterkant. Foreldre og føresette er dei viktigaste til å  formidle kristen tru og tradisjon til barna. Me håpar denne barnebibelen kan gje mange gode opplevingar og samtalar.

Før gudstenesta har me to samlingar med fireårsklubb. På fireårsklubben har me ei lita samling med song og forteljing frå Bibelen før me lagar noko fint. 

Velkommen til fireårsklubb og gudsteneste!

Tilbake