Me har tilbod om babysong for born i alderen 0-1 år. I Undheim kyrkje er det på onsdagar kl. 10.30 til 12.00 i oddetalsveker, og på Lye er det i partalsveker same tid. KLIKK HER for å lesa meir om tilbodet og melde deg på.
Givartenesta er ein føresetnad for å driva arbeidet slik me gjer i dag. Takk for at du er med og støttar arbeidet vårt! HER KAN DU LESA MEIR om korleis du kan støtta arbeidet vårt, og sjå korleis utviklinga i givartenesta er.
Me anbefalar alle som høyrer til kyrkjelyden å lasta ned appen Infoskjermen GO. Den vil gje deg nyttig informasjon, og appen tek lite plass og me prøver å ikkje ha for mange forstyrrande varsel. HER KAN DU SJÅ kva som er på Infoskjermen nå. GUIDE TIL KORLEIS DU KJEM I GONG MED INFORSKJERMEN.
HER FINN DU utgåver av Møteplassen
Maria Praxedes U. Slettebø er vår diakon. (HER ER KONTAKTINFORMASJON). Du kan ta kontakt med ho om du treng nokon å snakka med. Det gjeld både unge og gamle.
Er du ny i Noreg, anbefaler me INNVANDRARTREFF på Bryne. Det er i kyrkja på Bryne kvar tysdag kl. 19.30-21.00.
CAFÉ William er for deg som treng fellesskap, nokon å snakka med eller eit varmt måltid. Det er på Frelsesarméen på Bryne kl. 12.00-14.00 på torsdagar. Kyrkja samarbeider med Frelsesarméen om dette tiltaket.