Dåpsskule 1. trinn


Kyrkjene i Time har ein eigen skule spesielt for 6/7-åringar. Me kallar han "Dåpsskule", fordi han er ein del av opplæringa borna får i samanheng med dåpen. Me i kyrkja ønskjer å hjelpe foreldre og fadrar med å gjere det dei lovar i dåpen, og då er mellom anna dåpsskulen eit av tilboda. Dåpsskulen er både for born som er døypte og for born som ikkje er døypte enno.

Alle er velkomne!

 

På dåpsskulen høyrer me bibelforteljingar, syng, les og leikar. De får ei spennande bok som heiter ”Tre i eit tre”. I denne boka høyrer vi om tre barn som har ein hemmeleg klubb. Me startar først med nokre samlingar etter skuletid, og avsluttar med ei "dåpsskulehelg". Laurdagen har me kyrkjedag  og søndagen er me med på gudsteneste.

Tilbake